.-Lørdag 4. desember 1999 LOKAL

Satsar på sterk kunst

Øyvind Farstad frå Lepsøy har satt sats, som fram mot jul skal få stå å små putre i reingjorde maursyrekanner. Sukker og gjær skal bli til tusen liter alkoholhaldig sats. Han kaller det kunst.

Stian Valderhaug

Ved midnatt opnar Bodø Kunstforening juleutstillinga si. Ved sidan av å nyte den ordinære juleutstillinga, kan kunstinteresserte også legge turen innom eit eige rom i andre etasje, fylt av stram lukt, "blopp" og tusen liter sats. Lepsøyingen Øyvind Farstad er kunstnaren bak installsjonen, som rett og slett har fått namnet "Sats". Ekte vare Det er eit poeng at dette faktisk er sats og at det teoretisk kan lagast om til heimebrent, seier Farstad.

Kvifor det?

Det er eit symbol på det utvida kulturbegrepet. Kva er kultur? Kva er kunst? Og kva gjer størst oppleving: å drikke seg full på heimebrent eller sjå på eit bilde? Satsen som eg lager er folkeleg nok, men samtidig er det kunst og "finkultur". Så kalla "vanlege folk" vil oppleve det på ein måte. Folk som er opplært til sjå på kunst vil kanskje oppleve det på ein anna måte. Akkurat det likar eg, at verket eg har laga kan opplevast forskjellig.

Dei siste dagane har kunstnaren vore opptatt med å gjere ferdig kunstverket sitt. 43 kanner av typen som vert nytta til maursyre i landbruket er blitt gjort reine for dei siste restane av silosyre. Sukker, gjær, erter, og vatn er blitt blanda og fylt på kannene som har fått gjærlås.

Landbruksprodukt

Frå eige erfaring i ungdommen veit eg at tomme maursyrekanner vart brukte til å setje både øl og anna.

I eit jordbruksdistrikt er dette typen kanner som er lettast å få tak i, og dei er greie også til slik bruk, forklarer kunstnaren, som legg til:

Dessutan synes eg at kannene er fine , reint estetisk. Dei har fin form. Men det er ikkje hovudpoenget, poenget er at slike kanner faktisk blir brukte. Både til å produsere øl og til sats, reknar eg med.

Og oppskrifta? Den er autentisk. Det er finst sikkert mange oppskrifter på heimebrent, men denne var det eg fann. Kor ho kjem fra? Alle kjenner nokon som kjenner nokon som driv med heimebrenning. Det er ein vanleg aktivitet i heile Norge, skulle eg tru.

For ei tid tilbake kunne vi lese i norske aviser om ein kunstelev i Sverige som gjekk endå eit skritt lenger enn det Farstad gjer no. Der var det ikkje snakk om sats som vart produsert i kunstlokala, men eit HB-apparat som sto og pipla og produserte sprit. Har denne gimmicken vore inspirasjonskjelde?

Nei. For det første var det ei sak at han sjølv fekk ein kamerat til å ringe til politiet og anmelde spritproduksjonen. For meg blir det ein slags barnsleg provokasjon, å bevisst gjere det for at poletiet skal kome å hente apparatet.

Fire europaller, 43 reingjorde maursyrekanner, 150 kg sukker, 1000 liter vatn, eitt kg gjær og 20 pakker erter er oppskrifta på Øyvind Farstad sitt kunstverk. ( foto Hans Trygve Holm )
Reknar ikkje med politiakjon

Kunstnaren sjølv reknar ikkje med nokon reaksjon frå politiet på grunn av det utradisjonelle kunstverket. Politiet sjølv er ikkje så sikre.

Kva som skal skje med satsen etter kunstutstillinga vil Øyvind Pål Farstad ikkje opplyse det vil han helst skal henge litt i lufta. På eit skilt står det "pris etter avtale".Reknar du med besøk frå politiet på grunn av utstillinga? Nei, det reknar eg ikkje med. Eg går ut i frå at politiet har viktigare ting å halde på med. Eg stiller ut satsen i eit galleri, det står i ein kontekst som klart fortel at dette er snakk om kunst, seier Øyvind Farstad.

Polistasjonssjef Bård Rødås ved politistasjonen er derimot ikkje så katagorisk. Etter mi oppfatning av lova er produksjon av sats- i alle fall dersom han er meint for produksjon av heimebrent -ulovleg. Enkelte kallar sjølve gjæringsprosessen for produksjon av "vin" Det er mogleg vi er i eit juridisk grenseland, eg kan ikkje på ståande fot gi ei sikker vurdering av om dette er ulovleg eller ikkje, seier Rødås. Kjem politiet til å reagere mot utstillinga? Eg går ut frå at det er eit spørsmål som vår jurist vil vurdere, utifrå den faktiske situvasjonen, når den kjem. Juristen vil sikkert få kjennskap til denne saka, gjennom avisene eller gjennom meg, kor vidt politiet skal reagere eller ikkje vil vere ei vurdering som blir gjort der og då, seier Rødås.