Boltrar seg i russisk kunsteldorado
Kunstnaren Øyvind Pål Farstad frå Lepsøy har fått tildelt eit arbeidsstipend, og er for tida i St. Petersburg der han brukar tida til å arbeide med kunst på heiltid. ­ Å få eit slikt opphald betyr anekjennelse av folk utanfor Noreg, fortel han.
Trine Risvik

Den europeiske storbyen i Russland vert av mange sett på som ein av verdas vakraste byar, og er eit eldorado for alle som er glad i kunst. I St. Petersburg har Øyvind Farstad arbeidsplassen sin på Pro Artre instituttet, som har sine lokalitetar i ein av dei eldste bygningane i byen, Peter-Paul festninga. Frå arbeidsplassen sin har han utsikt over elva Neva med det kjente Vinterpalasset på den andre sidan, som har ikkje mindre enn over 2,5 millionar kunstverk innanfor veggane.
   ­ Til no har eg brukt tida mi til å lære videoredigering, og traske rundt i byen som turist med eit lite digitalkamera. Her er ei fantastisk samling av museer og kunst, og uendeleg mykje å sjå på. Samstundes får eg god hjelp til å orientere meg om samtidskunsten i byen, fortel han.
   Sidan dei fleste skilta er på russiske med krokete bokstavar er han glad for at det alltids er nokre venlege sjeler som pratar litt engelsk i byen.
   ­ Eg las nyleg at fotballspelaren Erik Panzer-Hagen som spelar på laget Zenit i St. Petersburg uttalte at byen var så uoversiktleg og stor at han måtte ta drosje til og frå butikken når han skulle handle. Det seier nok meir om fotballproffar enn om byen. Byen har eit fantastisk metro-system og ein treng aldri vente meir enn toppen tre minutt på eit tog, seier Øyvind Pål Farstad.

 
Andre stipend-tildelinga
Det er den nordiske organisasjonen Nifca (Nordic Institute For Contempary Art)som delar ut arbeidsstipend med tanke på å styrke forståinga og samarbeidet mellom kunstnarar i Norden, og resten av verda. Nifca har ei rekkje atelier i Norden, og dei siste åra har dei hatt eit samarbeid med dei baltiske landa og Russland.
   ­ Kvart år kan biletkunstnarar frå Norden søkje om arbeidsopphald i eit av atletane. I snitt er det omlag 400 søkjarar kvart år, og eg var ein av 40 kunstnarar som fekk plass i år, fortel Farstad. I tillegg til gratis bustad og atelier, får han 850 Euro i månadleg livsopphald i Russland.  
Men dette er ikkje fyrste gong Nifca heidrar kunstnaren frå Lepsøy med eit stipend. I 2001 fekk han dekt eit to månaders opphald i Helsinki, der han starta på mange prosjekt som resulterte i diverse utstillingar i Noreg.


Spesielle installasjonar  
Øyvind Farstad har busett seg i Bergen og har gjort seg kjent gjennom å lage svært spesielle installasjonar. Sist Haramsnytt skreiv om Farstad var i samband med utstillinga «B-Open» i Bergen. Då leigde han eit hotellrom å presenterte seg sjølv og arbeidet sitt der. Ved tidlegare utstillingar har han stilt ut heile kassett- og platesamlinga si frå 70-80-talet under tittelen «Alt skal vekk». På den måten fekk publikum eit innblikk i musikksmaken hans, samstundes som dei fekk sjansen til å kjøpe seg nokon godbitar.
   Farstad liker å lage installasjonar der folk ofte ikkje oppdagar at det er eit kunstverk ein ser på. Ein gong sette han ein barnevogn utanfor eit utstillingslokale som skapte mange bekymringar. For barnevogna var skitten og full med søppel som pappbeger, pilleesker og brukte bleier. Det er sjølve sketsjen rundt installasjonen som fascinerer Lepsøyingen.


Får nye impulsar
Då stipendet til Øyvind Farstad ikkje dekkjer tapte arbeidsinntekter heime, vert opphaldet i St. Petersburg avgrensa til ein månad.
   ­ Men ein månad er betre enn ingenting. Å få eit slikt opphald betyr først og fremst anekjennelse av folk utanfor eit lite kunstssystem i Noreg. Eg får impulsar som eg kan ta med meg vidare, og ikkje tid minst tid til å arbeide med kunst på heiltid, noko eg ikkje har høve til heime, seier Farstad.
 Han arbeider no mot to utstillingar som han skal ha i Noreg til neste år. Den eine  i  Arendal kunstforening i februar. og sommaren 2006 skal han stille ut ein installasjon ved Nordnorsk kunstsenter i Svolvær.